Med 4-1 på bortebane mot naboen Søre Neset søndag ettermiddag sikra Os 2 opprykk til 4. divisjon i fotball.

Opprykket sat rett nok langt inne for toarlaget til Os. Med toppscorar på førstelaget sitt, Erik Kanestrøm, som playmaker sleit osingane lenge mot nedrykkstruga Søre Neset. Ved pause stod det 1-0 til heimelaget, etter scoring av høgreback Thomas Lindborg.

Men Os 2 brukte berre sekund av andre omgang til å bringa balanse i stillinga. Erik Kanestrøm plasserte ein retur knallhardt i vinkelen, ei kjempescoring. Derfrå og inn handla det meste om Os 2, sjølv om Søre Neset meinte dei hadde ein ball inne i Os-buret kort tid etter utlikninga. Os 2 gav seg ikkje før det stod 4-1, og dermed hjelpte det ikkje at Fitjar gjorde sin del av jobben, ved å slå Bremnes på heimebane.