Fitjar sakkar akterut i toppen av 5. divisjon etter tap 2-4 for Os 2 søndag ettermiddag.

Etter sigeren til Trott fredag kveld hadde Fitjar presset på seg då dei skulle møte Os 2 på Kuventræ i dag. Det viste seg at dei ikkje makta presset, og måtte tola eit klart 2-4-tap mot eit ungt og veltrent Os-lag.

Fitjar-trenar Kjell Træet fortel om ein dårleg første omgang. – Me var av i første omgang, seier han til Fitjarposten. Etter at Os 2 gjekk opp til 3-0 i det 45. minuttet, reduserte Fitjar til 3-1 i sekunda før pause. Scoringa kom etter ein corner som blei flikka bakover av Kjell Træet. Der kom storscorar Thomas V. Waage og sette ballen i mål.

Byrjinga av andre omgang blei den beste perioden av kampen for Fitjar sin del. Då la me press på heimelaget, seier Fitjar-trenaren. Etter 50 minutt scora Jan Åge Tislevoll. I pausen hadde dei blitt einige om å slå lange ballar, vinna ballen høgare på banen og pressa så dei ikkje fekk spela fram. Med denne taktikken lukkast dei mykje betre enn i første omgang. Men dei klarte ikkje å halda oppe trykket, og det blei ikkje fleire mål på gutane hans. Rundt fem minutt før kampslutt blei kampen avgjort; då gjekk Os 2 opp til 4-2.

Fitjar-trenaren er naturlegvis ikkje fornøgd med dagens prestasjon. – Me er ikkje gode nok mot dei andre gode laga, seier han, det ser ut til at me blir usikre når me har press på oss om å vinna. Kjell har likevel ikkje gitt opp kampen om den viktige andreplassen i puljen. Det er mange innbyrdes oppgjer mellom dei andre opprykkskandidatane, så alle vil nok tapa poeng. – Men me må vinna resten av kampane, avsluttar ein optimistisk Fitjar-Trenar.

Neste kamp er kommande fredag, heime mot Olsvik, som med siger her kan gå forbi Fitjar på tabellen i 5. divisjon.