Det var i morgontimane i dag brann i Teløyo. Men Fitjar brannvesen rykte ut og fekk sløkt relativt raskt. Brannen vart truleg utløyst av to ørner.

– Det var to små felt i brann på Teløy med ca 50 meter imellom. Begge under høgspentlinja. Det vart funne ei ørn på kvart felt, og dei såg ut til å ha lege der nokre dagar, melder brannmannskap på plassen. I tillegg var høgspentlinja broten.

Det er såleis grunn til å tru at ørnene har foke inn i høgspenten kvar for seg, og at linja på grunn av det har kortslutta, roke og sett fyr.