Ørjan Hatlevik frå Fitjar deltek under Plan sin TV-aksjon på laurdag. Plan Norge sin tv-aksjon «Idol gir tilbake» går på lufta på TV2 laurdag 1. desember kl. 20. Der stiller gamle og nye Idol, Idol-dommarar, Idol-programleiarar og andre kjende artistar opp for barn i sør.

Spekka med høgdepunkt

Dei har bestemt seg for å gje tilbake i form av eit tv-show spekka med høgdepunkt.

Ifølgje ei pressemelding frå Plan vil høgdepunkta i sendinga mellom anna vera:
– Idol-vinnarane syng eigen «Idolvinnar-medley»
– Kurt spesial
– Duett med Alejandro Fuentes og Henning Kvitnes – på norsk!
– CC Cowboys med Idol-kor
– Golden Moments – på tide med god mimring!
– Duettar med idol og idoldommarar: Benedicte Adrian og Gaute Ormåsen, Anneli Drecker og Margareth Berger
– 12 Idol-finalistar finn julestemninga med julemedley
– Thomas & Harald gjev tilbake
– Andre høgdepunkt, som Venke Knutson

Verdas aidsdag
Sendinga skjer på verdas aids-dag laurdag 1. desember og dette vil prega sendinga. I sendinga får sjåarane møta fleire sterke jenter som alle har det til felles at dei nektar å gje opp. Fleire av idola har hatt sterke møte med sine fadderbarn som me vil få sjå i sendinga.
– Eg gler meg veldig til denne kvelden. Dette er verdas aidsdag og me i Plan ønskjer å retta søkjelyset på hiv/aids og spesielt på alle dei jentene som er særleg utsette, seier generalsekretær i Plan Norge, Sandro Parmeggiani.