Listetopp for SP i Hordaland, Kjersti Toppe, fekk ei god innføring i matproduksjonen i Fitjar då ho vitja garden til Lars Ove Rimmereid i dag.

Eigentleg skulle ho òg få vere med på åkeren for å ta opp potetar. – Men med alt regnet i natt og i føremiddag måtte ein mest hatt vadarar på for å våge seg ut i åkeren, meinte Lars Ove. Ein samla seg i staden i potetkjellaren hans.

Kunnskapsrik bondelagsleiar
Her fekk Kjersti Toppe møte både fitjarpotetar og ein svært opplagt og kunnskapsrik bondelagsleiar, Reidar Kloster. Han gav til beste ei både grundig og utfordrande skildring av matproduksjonen i bygda. Den tidlegare politikaren Olav Rimmereid kom òg med spenstige innspel.

Kloster fortalde om kjøttproduksjon, mjølkekvotar, nye nisjeprodukt og satsing på lokal mat. Han kom òg inn på dei nye mogelegheitene i Midtfjellet, og vona at området som no er regulert til friluftsområde, kan omregulerast til landbruk, sidan det er framifrå matjord her.

Han meinte elles at bøndene i Fitjar vert teke på alvor av politikarane i bygda og uttrykte at han var svært glad for at landbruket var så langt framme i arbeidet med den nye næringsplanen for Fitjar.

Han kom òg inn på vern av matjord og peika på at dette må inn i plan- og bygningslova, noko Kjersti Toppe støtta han på.

– Jordbruket må gjerast leveleg
Olav Rimmereid hadde mellom anna  innspel om at endå viktigare enn nye nisjeprodukt er det å gjere det tradisjonsrike jordbruket leveleg, og det vart snakka litt om prisar før og no.

Mellom anna vart det peika på låge mjølke- og kjøtprisar. Eksempelvis fortalde ein av bøndene at han fekk kr. 3,80 for ein liter mjølk i slutten av 1980-åra. I dag får ein kr. 4,50. Ein annan hadde nett selt ei kvige som han fekk rundt 38 kr kiloen for. – Men det fekk eg i 1985 òg, sa han. Samstundes har utgiftene til bøndene stige kraftig. I 1985 kosta til dømes ein liter diesel kr. 1,75. I dag må du ut med over 10 kr for den same literen.

Ostetoll
Mykje meir vart nemnt. Me sluttar me å ta med det han Kloster om ostetoll.
– Her har det vore mange mistydningar. Mange trur det vert mindre variasjon av ost i butikkane på grunn av dette. Men det er ikkje gourmetosten frå Frankrike og andre plassar me vil ha toll på, men kvitosten (volumosten), presiserte han. 

Vil stå på for Vestlandsjordbruket
Kjersti Toppe gav uttrykk for at mykje av det som var sagt var ting ho kjende til, men ho lova å stå på for både ostetollen og Vestlandsjordbruket generelt.

– Så får me sjå. Det viktigaste er ikkje kva som blir lovt, men kva som vert realitetar når det vert handsame på Tinget, sa Reidar Kloster i ein kort kommentar etter møtet.