Håkon Øien Kloster prøver seg i orienteringsløypa på Midtfjelletdagen. Arkivoto: Ingrid Hovstad

O-gruppa inviterer alle i o-gruppa til Fitjar IL, og alle som har deltatt i stolpejakt på Fitjar denne sesongen, på graut og premieutdeling.

– Onsdag 13. nov. kl. 18.00 ønskjer me velkommen til klubbhuset (v/Fitjar idrettspark) for tilbakeblikk på 2019-sesongen, trekking av premiar for stolpejakta og anna premiering. I tillegg blir det quiz og servering av graut, skriv Rolf-Atle Rolfsnes på vegne av o-gruppa.

Det har vore ein god stolpejakt-sesong, og o-gruppa har ei liste på 765 personar som i gjennomsnitt har vore innom 19 av våre stolpar. Det betyr 14.364 lodd i trekkinga av nesten 40 premiar.

– Me håpar at mange har lyst å vera med, men ber om tilbakemelding dersom du kjem – og beskjed om kor mange du har med deg, fortel Rolfsnes.

Rolfsnes håpar at stolpejakta har gitt folk meirsmak på orientering, og inviterer alle interesserte med på o-aktivitetar neste sesong.

- Annonse -