Kommunestyrerepresentantane fekk onsdag ei innføring om framtidig drift for SIM. Dagleg leiar Terje Gilje gav ein utfyllande og god orientering om drifta.

Terje Gilje starta orienteringa med å vise til at det er kome store endringar i krava til behandling av avfall. Blant anna er det no sett krav til finansiell garanti. Det vil seia at det t.d. skal vera sett av pengar til drift av reinseanlegg for sigevatn i 30 år. Det er krav til reinsing av sigevatn med best tilgjengeleg teknologi. Selskapet arbeider med å finne løysingar, men er ikkje sikre på kva tiltak som skal setjast i verk. Undersøkingar i området der sigevatnet vert slept ut har god gjennomstrøyming og viser ingen teikn på forureining.

SIM har førebels dispensasjon til å deponera restavfall. På litt sikt skal det meste av restavfall brennast. Dette vil gjera at avfall til deponi vert redusert med 80%.
Det vart oppreta eit firma, Sør Vest Varme, der SIM er med, som skulle sjå på muligheiter for å lage til forbrenningsanlegg i vår region. Dei fann ut at det ikkje er høveleg plass for eit slikt anlegg i vårt nærområde. Det finns i dag ikkje områder som kan nyttegjera den store varmemengda som vert produsert ved forbrenninga. Dermed vert beste løysinga å sende avfallet til Sverige. Her har ein lagt meir til rette for utnytting av varmen og klarer å bruke 80 – 85 % av produsert varme. Dette gjer at ein i Sverige ser på avfallet som ein resurs i staden for eit problem.

Til transport av avfallet skal ein nytt såkalla returtransport. Det vil seia at ein fyller trailerar som har levert varer frå Austlandet/ Sverige, og som ville gått tomme tilbake. Dermed vert ikkje mengda av forureining større til transport sidan ein nytter biler som allereie skal same vegen. For å frakte avfallet må det nyttast 1000 lastebillass i året.

SIM treng ein omlastingsplass når denne transporten vert sett i gong og har kjøpt eit område på Heiane vest som no er under arbeid. Her vil det og bli miljøstasjon. I Svartasmoget vil det verta fortsett drift med kompostering av bioavfall. Også administrasjonen vil bli verande her.

På spørsmål frå politikarane om kvifor ikkje avfallet kunne sendast til Bergen sitt forbrenningsanlegg svara Terje Gilje at anlegget i Bergen var svært bra og hadde god kapasitet, men at det ville bli 60 mill dyrare med ei slik løysing. Varmeytnyttingsgraden var og lågare i Bergen.
-Det kling ikkje godt at ein må senda bos til Sverige når ein har forbrenningsanlegg i Bergen som kan gjera jobben. Dette var kommentaren frå fleire av representantane i kommunestyret.