Det er ikkje naudsynt med skikkelege orienteringssko, men desse skoa har ein stolt eigar....

Orienterinsgruppa arrangerer treningssamling på Fitjar denne helga, og i ettermiddag hadde dei laga til ei eiga treningsløype for nybyrjarar.

Ivrige orienteringsløparar frå Fitjar, Stord og Odda møttest fredag kveld og var klar for ei helg med joggesko, kart og kompass. Dei mest langvegsfarande hadde innlosjert seg på Sportellet. Det var satt opp eit variert program heile helga og fredag kveld var det nattorientering i Rossneset som stod på timeplanen. Nyinnflytta Fitjarbu Rolf Atle Rolfsnes hadde allereie vore 6- 7 timar ute i skogen for å leggja ut løyper, både i Rossneset og ved Dalshaugane der samlingane om laurdagen skulle vera.  Sjølv om det er tydeleg at det er Rolf Atle som er primus motor denne helga påpeiker han at dei andre i orienteringsgruppa og har hjelpt til. Rolf Atle jobbar for tida med å oppdatera orienteringskartet for Rossneset, og det som var ferdig tok dei i bruk denne kvelden.

Nokre hadde prøvd nattorientering mange gonger, for andre var dette første gongen. Sigmund Sætre, som var den einaste lokale deltakaren i løpet denne kvelden, seier han har sprunge orientering i mange, mange år, men aldri i mørket før. Det gav nye utfordringar, og det område ein trudde ein var kjend i verka ikkje så heilt kjend likevel… Men kjekt var det, og dei me møtte ved målområdet i halv ti-tida på kvelden sa dei hadde hatt ein fin tur, nokre hadde bomma litt, nokre hadde sprunge ei løypa, nokon hadde gjennomførd begge to. Uansett vart det mykje løypediskutering etterpå.  Størst problem hadde kanskje han som opplevde at lykta slutta å virka midt ute i løypa…

For dei som såg alle lysa som virra til alle kantar rundt i Rossneset denne kvelden og frykta at det var leiteaksjon på gang, så kan me avkrefta det og beroliga med at alle lyktene tilhøyrde løperar på jakt etter postar, og alle kom i mål.

Laurdag etter frokost var det først ei treningsøkt ved Dalshaugane og på ettermiddagen var det to løyper å velja mellom her. For dei erfarne løparane hadde Rolf Atle laga til ei momentløypa som skulle gje dei god orienteringstrening. Og for dei yngste og dei utan erfaring hadde han lagd til ei nybyrjarløypa, men ei litt vanskeleg ei (nivå C). 8 løparar frå Fitjar var med på denne løypa. Eg treff dei ute i skogen ved ein av postane. Dei kjem springane i full fart, dei yngste først og så kjem mødrene etter. «Eg fann posten først!» ropar Nils Birger. Så er alle på plass. Dei meiner det kanskje hadde gått fortare utan mødrene på slep, men dei er ikkje så sikre på om dei hadde klart å finna fram då. Etter at dei har gått over vegen, må dei ta fram karta igjen, forsikra seg om kvar dei er, at dei held karta rett veg og veit kvar dei skal, og då er mødrene til god hjelp.  Så spring dei avgarde. Neste gong me møter dei er ved målområdet. Dette var rein trening utan tidtaking og premiering, men mødrene diskar likevel opp med sjokolade og frukt som premie til alle ungane som deltok. I dag var det viktigaste å finna postane og å ha det gøy, ikkje å koma først i mål. Og så får eg høyra alle historiane om tryning, våte bukser, våte sko, nye orienteringsko osv. Dei vaksne skryt over flinke og greie ungar, dei har berre høyrd godlydar frå dei heile tida, så dette freistar verkeleg til gjenntaking. At løypa var litt vanskeleg var berre kjekt. «Det var kjempe kjekt», «Kjempe gøy!», «Eg og syns det var gøy!», ropar dei. Og så vil dei på Fitjarposten å fortelja om det kjekke dei har gjort i dag, og håpar at neste gong vert dei endå fleire.

Og neste gong det er allereie neste helg. Då arrangerer orienteringsgruppa familiedag i Rosseneset om søndagen med orientering, grilling m.m.

Nokon av dei som kanskje ikkje vil i avisa er dei som kom tilbake til start same veg som dei gjekk ut, dei som mangla mange postar, dei som hadde gjørma i håret, eller dei som var våte til livet etter å ha passert ei elv der det eigentleg var bru og med vannstand på 30 cm…dei nemner me ikkje…. Men det var berre godlydar å høyra frå dei og!

Det er ikkje naudsynt med skikkelege orienteringssko, men desse skoa har ein stolt eigar….