Stuntpoet Arne Torget fekk latteren til å runga høgt i matteltet under opninga av Fitjarfestivalen, med alle sine sprø og morsomme dikt. 

Etter at ordførar Wenche Tislevoll hadde opna festivalen og Terje Træet og Ole Bergesen hadde hatt ein kort humoristisk presentasjon av Fitjarbygda, entra Husnesbuen Arne Torget scenen og sa med eit smil: Eg er frå Fitjar og det er kjekt å vera her i dag. Far til Arne kjem frå Brandasund, og derifrå har han namnet og røtene sine, mange gode opplevingar og inspirasjon til stuntpoesi, og kanskje si trauste og truskuldige framtoning. Smilet til poeten vart lagt på hylla, men gjennom å leika med ord og vendingar, raske replikkar og uventa rim trollbatt han publikum med sine underfundige og morsomme vers. Mellom «gamle» dikt som allereie er utgjevne i bokform dukka det opp lange «prologar», spesialskrivne for festivalen, med hyllest til Fitjarbygda og Fitjarpølsa, humoristisk presentasjon av bodgata og produkta der, og med glimt frå det som nettopp hadde skjedd, eller som nettopp skjedde. «Direkte frå Fitjar. Arne Torget.» Applausen og latteren runga høgt mellom teltduken etter kvart eit innslag. 

Nokre dikt og nokre rim og vendingar var på grensa til det makabre, slik som eit av dei fire pusekatt-dikta som du finn gjenngjeve med diktaren sitt løyve til høgre på sida her. Men likvel innafor rammene av det som passa seg på eit familiearrangement som dette.

Arne Torget, med sine poetiske vågestykke var eit svært kjekt, spennande, nytt og humoristisk innslag under opninga av festivalen og hadde han hatt ei av bøkene sine med for sal hadde han nok blitt kvitt ein god bunke, for mange sa etterpå at Torget sine opplesingar var det beste med heile opningsarrangementet.