Ordførar Wenche Tislevoll skal i helga delta på Høgre sitt landsmøte på Gardermoen. Der vil ho tale for ein naturressursskatt på vindkraftverk til liks med skatten på vasskraftanlegg. Det vil i tilfelle gje Fitjar kommune auka inntekter. Biletet: Ordførar og fylkesordførar under opninga av Vindmølleparken. Foto: FP-arkiv/HCH

I ei pressemelding om dette, skriv ho:

– Det er planlagt investering i ny vindkraft i Norge på opptil 35 milliardar kroner fram mot 2020. Men ein avgjerande føresetnad for utbygging av vindkraft er at dei lokale naturforholda ligg til rette for det, og ikkje minst at ein får lokal aksept. Som ordførar har eg vore med på å leggja til rette for vindkraft i Fitjar, men eg skulle ynskt at kommunen fekk meir igjen for det. 

– Vindkraftanlegga gjer inngrep i lokale naturverdiar. Store landskaps-, natur- og friluftsområde blir påverka. Den einaste inntektskjelda vertskommunane har frå vindkraftverka i dag er eigedomsskatt og eventuelt utbyggingsavtalar. Men eigedomsskatten har vist seg å vera ei skjør og usikker inntektskjelde, fortset ho. 

Til liks med vasskraft
Tislevoll meiner at tida difor er moden for ein innføring av ein naturressursskatt på vindkraftverk til liks som på vasskraftanlegg. 

– Heilt frå vasskrafta sin barndom har vi vore opptatt av at dei som avstår sine naturressursar til storsamfunnet skal få vederlag. Eg kan ikkje sjå at det skal vere nokon forskjell mellom vatn og vind i denne samanhengen. 

Ein slik skatt har kommunane alt å vinne på, samstundes som anlegga ikkje tapar på det. 

– Dette er ein vinn-vinn-situasjon for både kommune og utbyggjar. Ein naturressursskatt for vindkraft utforma som naturresursskatten for vasskraft vil ikkje føra til noko ekstra belastning for anlegga, men inneber ei betre fordeling av skatteinntektene mellom stat og kommune, skriv ordførar Wenche Tislevoll til slutt.