Wenche Tislevoll fekk ein nokså spesiell avsluttningsfest hos Fitjar gardsmat. litt tidlegare i år. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Takkar for åtta flotte år som ordførar!

Seinare i dag tek det nye kommunestyret til med å styra Fitjar dei neste fira åra. Mange nye fjes tek til med jobben som politikar, saman med dei som fortset i jobben. Me i Fitjarposten gler oss til å rapportera til lesarane våre kva dei bestemmer.

Wenche Tislevoll går no av etter åtta år som ordførar, og deler ein liten avskjedstale på kommunen sine heimesider i dag.

Les ogso: Grisefest – bokstaveleg talt

– I dag er det ordførarskifte i Fitjar.

Det har vore ei stor ære å få vera ordførar i Fitjar desse 8 åra. Eg takkar for tilliten som har vore vist meg og som har gjort dette til ei minnerik tid, både i gode og krevjande dagar.  Ikkje minst har eg satt stor pris på alt eg har fått vore med på – både lokale, regionale og nasjonale hendingar.

Det er med stolthet eg ser tilbake på desse to periodane, utruleg mykje har skjedd og det er optimisme i Fitjarsamfunnet. Ein stor takk til kommunestyret, den kommunale organisasjonen, innbyggjarane, næringslivet, dei besøkjande og ikkje minst til den frivillige sektoren. Det er utruleg mange som fortener ein stor takk !

Eg ynskjer det nye kommunestyret og den nye ordføraren lukke til i sitt viktige arbeid for Fitjar, avsluttar Tislevoll.

- Annonse -

Les ogso: Det nye kommunestyret

Wenche Tislevoll er ikkje den einaste som går ut av si rolle. Heile 11 (ink. Tislevoll) går no ut av kommunestyret. Me takkar dei alle for innsatsen deira!