Ordførar Harald Rydland stod fram som ein svært dyktig auksjonarius under Hatlevikbasaren i år.

Latteren runga stadig vekk ettersom Rydland med sine lune, treffande replikkar traff folk heime i det morosame hjørnet, og prisane han slo fast med auksjonarius-hammaren var òg gode; noko som førte til svært velkomne midlar til Betelskipet og Den indre Sjømannsmisjon.

I tillegg var det ein aldeles nydeleg ramme rundt basaren som i år feira 25 år jubileum. Rett nok var dette den 26. basaren, men det er i år 25 år sidan basaren starta opp i noverande form i 1984.

Som vanleg var det mykje flott handarbeid i tre, og maritim stil, som vart auksjonert bort og lodda ut. Åresal i tillegg til auksjonen var det i år òg. 

Andakten var ved prost Svein Arne Theodorsen som talte folkeleg og forståeleg med utgangspunkt i ei krabbeteine, og Sissi og Johannes Kringlebotn tok del med vakker song.

I år sat folk rundt heile området, og å telje alle som var på plass, prøvde me oss ikkje på. Nokon kom og nokon gjekk utover dagen, men truleg var det rundt 500 på Hatlevik i det fine sommarvèret. Eit heilt spesielt bord med glasplate gjekk for rundt 12 000 kroner, som den dyraste auksjonsgjenstanden i år.