Wenche Tislevoll seier det var både nyttig og triveleg å oppleve ein arbeidsdag på Fitjar Bu- og Behandlingssenter.

Saman med dei tilsette deltok ho i ulike arbeidsoppgåver på somatisk avdeling i dag. Dei som arbeider her må nok ta mange tunge tak sjølv om det fins mange gode hjelpemiddel, seier ordføraren. I samtale med henne og pleiarar på vakt, kjem det fram at dei ønskjer betre tid til å ta seg av den einskilde pasienten. Ein søndag kan det vere rolegare når pårørande kjem på besøk. På godversdagar kan pasientar bli trilla ut i sansehagen i rullestol. Slik var det i ettermiddag. Andre kjem seg ut til fots når dei har ein arm å halde i.

Wenche Tislevoll fekk god kontakt med pasientane. I ein lun krok sat ho og Anny Irene og prata litt saman. Anny Irene sa at ho trivest på sjukeheimen, – ja eg har det som plomma i egget. Else og Wenche snakka saman innandørs. – I min situasjon har eg ikkje noko anna val enn å vere her, sa Else, men eg har det godt.

Eit lite glimt av ein sjukepleiar sin krevjande arbeidsdag kan gi viktige signal når dei folkevalde handsamar kommunen sitt helsebudsjett.