Ordførar Harald Rydland. Foto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland fortel at kommunen har oppdatert koronainformasjonen, og kjem med råd til russen og 17.mai feiring.

– Me ser rundt oss at russefeiringa er i gang og me håpar at dei unge, trass strengt smittevern og andre restriksjonar, får gode opplevingar og minne å ta med seg frå russetida. Folkehelseinstituttet har komme med eigne russeråd som er å finna her. Desse råda er det viktig å fylgja for å unngå utbrot av koronasmitte.

Rydland minner om at 17.mai feiringa i Fitjar vert digital, og ber folk hugsa på dei nasjonale råda når det kjem til private samkomer;

– På private samkomer innandørs, utanom eigen heim, kan det maks vera med 10 personar.  Utandørs er grensa maks 20 personar. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan samlast med eit nødvendig tal vaksne personar som skal leggja til rette.

Ingenting nytt på smittefronten

Når det gjeld smittestatus i Fitjar kan ordføraren med glede stadfesta at det for tida ikkje er kjend smitte i Fitjar. 

– Førre helg var det knytt ei viss spenning til om eit utbrot kunna ha spreidd seg til lokalsamfunnet vårt.  Det er ikkje noko som tyder på at det har skjedd. No gjeld det å halda fram med godt smittevern for å unngå nye utbrot, skriv Rydland.

Førre smittetilfelle i Fitjar vart registrert den 24. april med ein smitta. Sidan våren 2020 har det til saman vore 36 tilfelle i Fitjar.