I samband med innsamling til flomlys ved kyrkja og Håkonarstøtta vert det i morgon loddsal-duell.

Det er ordførar Wenche Tislevoll og Vigdis Aarre Olsen som på denne måten bidrar til lys i mørkret. Dei to skal møtast kl. i morgon kl 10:45 hos Larsen. Der skal dei trekkje om kven som skal sitja kvar.

Så skal den eine selja lodd hos Larsen, medan den andre sel hos REMA. Begge to frå  frå kl. 11.00 – 11.30, og det er altså om å gjere å selje mest.