Gisle Levåg skal vera fungerande ordførar i Fitjar dei neste to vekene.

Fitjarordførar Harald Rydland har kome med fylgjande pressemelding:
«Eg vert på ferie i utlandet i tida 30. juli – 14. august. Varaordførar Gisle Levåg (H) vil då fungera som ordførar i Fitjar. Han kjem ikkje til å ha fast kontortid, men vil sjå gjennom e-posten til ordføraren og andre saker som måtte vera kommen inn ein og anna dagen.  Dersom noko hastar er det best å ta kontakt på mobiltelefon 470 18 232.»