Sjølv om Midtfjellet Vindkraft  AS fekk endeleg konsesjon frå Olje-og energidepartementet, onsdag, er ikkje økonomien i heilt på plass enno. Men kraftlagsjef Ole Vidar Lunde har von om hjelp frå mellom anna Enova.

Enova er eit selskap som er etablert for å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Noreg. Dei har òg planar for utbygging av vindkraft, og Ole Vidar Lunde har von om at Midfjellet Vindkraft AS, kan bli ein del av planane deira.

Kraftlagsjefen er elles svært nøgd med at konsesjonen no endeleg er stadfesta frå høgaste hald, og gjev uttrykk for at han har hatt tru på dette prosjektet ifrå dag 1.

Vindkraftmotstandarane er skuffa, men fortel til bladet Sunnhordland at dei fortsett vil kjempa. No for at talet på vindmølleri utbyggingsplanen, skal bli redusert mest mogeleg, og når Utval for plan- og miljø i Fitjar kommune skal handsama dei to utbyggingsalternativa (ekstern lenke), vil dei følgja nøye med i planarbeidet, heiter det.

Vindmølleparken kan tidlegast vere ferdigstilt i 2011.