Turlaget sitt opptur-opplegg er ein suksess. Også i år. Over 25 000 åttandeklassingar har i dag vore til fjells, og mellom dei åttandeklassingane frå alle ungdomsskulane på Fitjar og Stord.

Starten gjekk som i fjor og i forfjor frå parkeringsplassen ved Fjellstova ved Lundarstøl. Turen i år gjekk til toppen av rundt 500 meter høge Steingjelsheddo, og det vart ein flott tur. Vêret synte seg frå si aller beste side, og så godt som alle kom seg til topps, flott «geleida» av eldsjelane frå Stord-Fitjar Turlag.

Og elevane let vel. Bortsett frå nokre som sleit litt med tempoet i den første bratte bakken var det berre positive kommentarar å høyre, og tilbake til Fjellstova vanka det fargerike T-skjorter til alle.

Elevane fortener skryt for svært godt naturvit. Me plukka nok opp eit og anna papir og nokre tomme «drikkeboksar», men mykje var det ikkje, sjølv om det ikkje treng vera nokon unnskyldning for dei få som kasta slikt i naturen.

Elles all ros til tiltaket. Opptur er eit kjempeflott arrangement, og Stord-Fitjar Turlag fortener ros for svært bra organisering. Elles er det berre å vona at dette er blitt ein tradisjon som held fram.

Men etter tre år med start frå Stord kunne det kanskje vera ein idè å starta frå Fitjar neste år? Me unnar gjerne Stordelevane å bli kjent med fitjarfjella òg.