Opptur Hordaland er ei fantastisk bok for turinteresserte, og ikkje berre for dei. Det er Og ein nydeleg bok å ta for seg for dei som ikkje kjem seg på tur.

Tittelen på denne meldinga spelar både på boktittelen og på det faktumet at denne boken nettopp må opplevast som ein fantastisk opptur for alle turinteresserte.  

Her finn me turløypene merkte inn på vakre flyfoto, betre enn noko kart, og i tillegg finn me detaljerte skildringar av kva ein vil møte på turen, i spedd gode historier/glimt frå dei einskilde turområda.Slik er ho god lesnad for dei som av ymse grunnar ikkje kjem seg ut òg.

Boka er vidare svært delikat og har eit hendig turformat som passar greitt i sekken. Når det gjeld Fitjar skildrar boka turar som: Sæterbøfjedlet, Klovskarfjedlet, Kidno og Botnavatnet, Grønafjedlet, Hovland –Fitjar og tur til Handfjedlsåto. Anbefalast på det varmaste. 

HCG steroids