Ungdomsrådet i Fitjar samla til møte. Foto: Ingrid Hovstad

Det aktive ungdomsrådet i Fitjar er svært opptatt av den psykiske helsa til dei unge, og tok like greitt initiativ til ein eit seminar om tema.

– Psykisk helse er eit tema som alltid er aktuelt, men det har for mange vorte meir utfordrande å handtere slike utfordringar under coronapandemien då ein har vorte meir isolert. Bestillingslista frå ungdomsrådet vart basert på det dei hadde høyrt at ungdomar sleit med. angst, stress, søvnløyse og einsemd. Lære teknikkar til sjølvhjelp, bli kjent med seg sjølv og eigne følelsar, fortel rådskoordinator Bente Bjelland.  

Bjarte Stubhaug framom Rimbareid skule i 2018.
Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Rådet tok kontakt med psykiater Bjarte Stubbhaug. Han ville gjerne ta på seg oppdraget med å halda eit seminar med gruppearbeid. Bjarte Stubhaug som opphavleg kjem frå Fitjar, er klinikksjef ved Klinikk for stressmedisin som er ein spesialistpraksis med offentleg tilskot frå Helse Vest. Stubhaug har hatt kurs for elevar ved Rimbareid skule tidlegare.

Ved hjelp av to fredagar har heile ungdomstrinnet ved Rimbareid vore gjennom seminaret.

– Ungdomane var nøgde med opplegget, det var svært konkret og innehaldt gode forslag til grep ein kunne ta både for å forstå seg sjølv betre samt korleis ein kunne være til hjelp for andre, fortel Bjelland.