Handballdamene til Fitjar IL tapte bortekampen mot opprykksrivalane Askøy 2 måndag kveld, og må dermed spela i 5. divisjon også til neste år.

Med siger i kampen mot Askøy 2 kunne Fitjar IL ha rykt opp til 4. divisjon, dersom dei hadde vunne også den siste seriekampen, mot Kleppestø 17. mars. Det skulle såleis ikkje mangla på motivasjon før kveldens kamp i Askøy Forum, men Fitjar-damene kom dårleg i gang. Dei levde opp til ryktet som «slow starter», og låg under heile 2-9 før det hadde gått 12 minutt av kampen.

Heimelaget levde på dette forspranget gjennom resten av kampen. Dei klarte å halda seg rundt fem mål framfor i heile første omgang og gjekk til pause med leiing 16-11. I andre omgang var dei endå til oppe i ei 9-målsleiing. Vel 10 minutt ut i omgangen var stillinga 22-13 til Askøy 2, og me såg for oss å reisa heim att som slakt.

Dei siste 15-20 minuttane av kampen blei likevel ei positiv oppleving for Fitjar-damene. På meisterleg vis reiste dei kjerringa, og gjorde seg nesten fortent til opprykk. Dei vann denne delen av kampen med sju mål, slik at sluttstillinga blei 24-22 til heimelaget. Tek ein med eit straffemål som blei annullert for overtramp, skjønar ein kor nær Fitjar-damene var denne gongen. Og endå nærare hadde dei vore om ikkje Askøy 2 hadde hatt ein matchvinnar i mål. 17 år gamle Line Mari Duesund viste spel som høyrer heime i ein heilt annan divisjon, og redda den eine hundreprosentsjansen etter den andre. Normal utteljing for ein eller fleire av dei vanlege toppscorarane ville gitt klar Fitjar-siger. Men den unge Askøy-keeperen ville det ikkje slik.

Med kveldens tap må Fitjar innstilla seg på ein ny sesong i 5. divisjon, noko verken trenar Harald Engevik eller damene let til å sjå mørkt på. Alle var einige om at Askøy fortente opprykksplassen. Alt i alt er dei fornøgde med årets sesong, spesielt om dei ser tre månader tilbake, då målet var å berga plassen i 5. divisjon. Sett på denne bakgrunnen må 3.-plassen i puljen vera bra. Viktig for laget var det òg at dei dei makta å avslutta Askøy-kampen på ein så overtydande måte. – Fem minutt til, og me hadde teke dei! seier ein fornøgd Harald Engevik til slutt.

Fitjar stilte med dette laget (scoringar i parentes):
Kristine Korsvik (keeper)
Solveig L. Fitjar (keeper)
Charlotte A. Solberg (2)
Randi Thorland (4)
Marita Nysæther (1)
Marit Thorland
Maria Larsen (5)
Amalie Korsvik
Ingvild Kannelønning (5)
Kristin T. Dahl
Ingvild Rimmereid (5)