Fitjar slo Trott 3 – 0 på heimebane, og er klar for 3. divisjonsspel neste år. Eit fantastisk haustver og ein flott grasmatte med opp mot 300 tilskodarar, la ei fin ramme rundt kampen om opprykk til 3. divisjon for Fitjar sine gutar.Første omgang var nok ingen stor førestilling, det kunne sjå ut som om det var ein del nervar ute og gjekk, mykje feilpasning og halvsjansar til begge lag.  Men i andre omgang overtok Fitjar styringa og leia av ein god Arild Træet, styrte dei dette trygt i hamn med 3 fine mål.  Trott såg ut til å ikkje klare å hengje med på det som skjedde, og Fitjar vann fullt fortent til stor jubel på tribunen. 

Kanon frå Ørjan

Dagens mål stod Ørjan Hatlevik for som kom innpå heilt på slutten av kampen, han har trent med laget siste veka i samband med sin haustferie.  Eit kanonskot frå om lag 20 meter i tverliggar og ned, og opp att i nettet. Ein lokal jury kåra Arild Træet til dagens spelar, dette var svært fortent.  Elles så var hans makker Tor Jørgen Larsen og Helge Træet svært gode i kampen. Etter kampen var det kake og kaffi på alle, også tilskodarane, dette vart det sett pris på, og mange var igjen etter kampen og tok del i feiringa. 

Takk til Dicky 

Dette var siste kampen til Dicki som trenar for Fitjar etter 6 år i trenarstolen.  Han har gjort ein framifrå jobb med tre opprykk på seks år.  Han fekk blomar i pausen på kampen og vil bli gjort meir stas på i samband med årsfesten.   

-Må sjå framover 

No må laget sjå framover og syta for å vera gått førebudd til neste års 3. divisjon, alt skulle liggja gått til rette for det, gode treningsfasilitetar og eit godt grunnlag i den spelarstamma ein har.  I tillegg er det mange ungdommar som bankar på døra til A-laget.  Ein må raskast mogleg få på plass ein trenar som kan ta laget vidare etter Dicki. 

Fakta:

Fitjar Idrettspark 14.10. kl. 15.00. Tilskodarar: Rundt 300.

Fitjar: Oddgeir Træet, Sondre Fykse Lie, Arild Træet, Tor Jørgen Larsen, Helge Træet, Åsmund Sørfonn, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Thomas Vestbøstad Waage, Kjell Magne Halleraker, Ronald Skår. 

Innbyte:  

60 min. Gjert Ståle Olsen for Ronald Skår. 75 min. Jan Åge Tislevoll for Thomas Vestbøstad Waage.                80 min. Lars Engelsen for Kjell Magne Halleraker. 83 min. Trond Henriksen for Sondre Fykse Lie. 85 min. Ørjan Hatlevik for Kjell Træet.                                                                                              

Mål:          1-0   57 min. Kjell Magne Halleraker.

                 2-0  60 min. Arild Træet.

                 3-0  90 min. Ørjan Hatlevik.