Det har snike seg inn nokre feil i papirutgåva for september. Me beklager dette, og her er rettingane. (Sjå nedanfor)

1.
I kvissen på side 14 har me gjort sjømil synonymt med nautisk mil. Ein av lesarane våre har gjort oss merksam på at fagleg sett er dette ikkje korrekt: – Ei sjømil er 7408 meter. Ei nautisk mil er 1852 meter. Fiskarar / sjøfolk i tidlegare tider brukte omgrepet kvartmil om ei nautisk mil (1852 x 4 = 7408).

2. 
Til biletet på side 15 har me gløymt å putte på biletteksten. Som mange truleg har oppdaga, er biletet frå Rydlandssagstemnet, eller Samøtet, som me seier i daglegtale.

3.
I artikkelen om Gøy for gubbar og modne damer på side 10, har me kome i skade for å skrive at damene trenar tysdagar.
Det er feil. Dei trenar måndagar.

Alt for mykje feil. Me får berre skjerpa oss!