Ønskjer du å vera Turistvert i Fitjar? Då har du sjansen. Fitjar næringsråd har nemleg oppretta to stillingar som turistvertar for sommaren 2010.

Her er meir om stillingane:

Fitjar næringsråd har ledig to stillingar som turistvertar i Fitjar i sommar.

Arbeidsperioden vert frå 19.juni til 25.august – med 14. dagars prøvetid.

Turistverten skal ha Fitjar Sentrum som arbeidsområde.
Tenesta skal være tilgjengeleg for bygdefolk og våre gjester 7 dagar i veka.

Dagleg arbeidstid 8 timar, skiftordning – turnus etter avtale mellom dei som skal inneha stillingane.

Arbeidet vil bestå i å drive oppsøkjande turistinfo , vera hamnekontakt overfor båtfolket og gjera det dei kan for å halda sentrum triveleg og ryddig.

I tillegg til å kunne engelsk må søkjarane vera utadvendte og serviceinnstilte.

Skriftleg søknad med CV og grunngjeving for kvifor nettopp du bør få jobben kan sendast Fitjar Næringsråd ved Monika Hatlevik på e post: monika.hatlevik@haugnett.no innan 15. juni d.å.

For nærare opplysningar, kontakt:

Monika Hatlevik       99 51 88 38
Ronald Hareide       41 64 10 90
Odd-Sverre Larsen  99 58 32 65