Det er 1. oktober, og me har bestemt oss for å fortsetja drifta av Fitjarposten.no, i alle fall fram til jul. Rett nok, ikkje heilt utan tvil, for det er berre eit mindretall av våre faste brukarar som har teke frivillig abonnement, så langt. (Me har motteke omlag 80 innbetalingar.)

Likevel er det så oppmuntrande med kvar enkelt som har støtta oss på denne måten, og med dei nye annonsørane me har fått, at me prøver å halda sida gåande ei tid til.

Dei mange munnlege innspela me har motteke om at sida må halde fram, har òg medvirka til dette.

Tusen takk til dykk alle.

Med vennleg helsing
Helge-Mikal og Håkon

Ønskjer du å støtta fitjarposten.no – ta eit frivillig abonnement!
Meir informasjon finn du her.

Elles vil me minna om Lesarane sine sider og aktivitetskalenderen Da skjer på Fitjar – kor du kan registrera ditt arrangement gratis.