Fitjar treningssenter. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar treningssenter oppmodar medlemmane sine til å ta 10 dagar sjølvpålagt karantene dersom dei har vore i utlandet.

– I desse tider er det diverre registrert smitteauke for første gong i Noreg sidan mars. Og i den forbindelse ønskjer me i Fitjar treningssenter å komma med nokre enkle, og få ønske til dykk som medlemmar, skriv Fitjar treningssenter på si Facebook-side.

Den første oppmodinga ber medlemmar som har vore utanfor Noreg sine grenser om å halda seg heima i 10 dagar før dei tek turen til treningssenter att.

Les ogso: Fitjar kommune pålegg karantene på sine tilsette

Fitjar treningssenter ber medlemmane om å følgja smittevernstiltaka dei allereie har, som å halda avstand til andre som trenar, halda god personleg hygiene og desinfisera utstyret ein har nytta.

– Dersom du ikkje er i form, og i tillegg har kjente symptom ver grei og hald deg vekke frå gymmen.

Fitjar treningssenter kryssar fingrane for at ein ikkje må stenga ned på ny.

– Me drar denne dugnaden saman. Det siste me ønskjer er at me må stenga dørene igjen, avsluttar gjengen i Fitjar treningssenter.

Les ogso: Koronakrisa slit på økonomien til Idrettslaget