Brørne Aleksandersen var sentrale på laget til Fitjar i går. Keeper Jøran redda straffespark, og Jonas scora på straffe for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

A-laget til Fitjar leverte ein bra prestasjon då dei endeleg fekk prøva seg i noko som likna ordinær kamp, på bortebane mot Rubben tysdag kveld.

Eit svært fotballsvoltent publikum fekk sjå ei relativt oppløftande framsyning då Fitjar og Rubbestadneset møttest til treningskamp på sistnemnde sin bane i går. Fint spelevêr med berre litt for sterk nordavind såg ut til å oppeldna begge lags spelarar til brukbar innsats. Og ingen kunne sjå at det knapt har vore normale kampar for desse gutane på haltvanna år.

Trenartrioen Martin Nysæther, Rune Brakedal og Åsmund Sørfonn. Foto: Kjetil Rydland.

Flott comeback av «gammal» keeperstjerne

Fitjar kom godt i gang, og etter rundt ti minutt var det klart for straffespark. Men heimekeeper Mads Ellingsen redda skotet frå Marius Storebø. Og vel ti minutt seinare kunne heimelaget gå opp til 1–0, etter ein tabbe av Fitjar-keeper Jøran Aleksandersen. Den svært røynde håndballkeeperen gjorde eit fint come back i går, men akkurat her viste han at det var sju år sidan sist han aksla Fitjar-trøya. Han såg ut til å ha full kontroll på skotet frå vel 16 meter, men sleppte det på uforklarlig vis inn i mål.

Ein svært bestemt Jonas Aleksandersen set straffesparket sikkert i mål. Foto: Kjetil Rydland.

Men etter ein halvtimes spel kunne ein annan Aleksandersen bringa balanse i rekneskapen. Marius Storbø blei felt innanfor 16-meteren, og Jonas Aleksandersen setter straffesparket veldig sikkert i mål.

Fitjar kom på banen etter pause utan kaptein Helge Træet, og det var kanskje utslagsgivande for den vanskelege starten på andre omgang. Etter eit par minutt gjekk Rubben opp til 2–1, og tre minutt seinare kunne dei punktert kampen, då dei fekk straffe. Men då var keeper Jøran Aleksandersen vaken og redda sikkert det ikke altfor gode straffesparket.

Fitjar har ein lovande tropp på gang – om alle blir med

Med nordavinden i ryggen såg Fitjar ut til å snu kampen etter kvart. Eirik Træet utlikna til 2–2 då han tok ballen frekt fra keeperen til Reubben og scora sikkert, på audmjukande vis. Og litt seinare la Marius Storebø på til 3–2 etter å ha runda ein utrusande keeper og scora fra kort hald.

– No tar me dei på kondisen! utbraut ein fornøgd Fitjar-trenar, Martin Nysæther.

Men i sluttminutta kom heimelaget til store sjansar, og etter at Jøran Aleksandersen hadde hatt fleire flott redninger, måte han til slutt gi tapt. Utlikninga til 3–3 kom fra kort hal etter litt beslutningsvegring i Fitjar-feltet. Og dermed ebba kampen ut med 3–3.

Situasjonen tatt i betraktning bør dagens kamp vera ei positiv oppleving for begge lag. Fitjar har så absolutt ein gjeng som kan gjera det brukbart i seriepremieren mot Solid 20. august. Men dagens tropp inneheldt fleire «feriegjester» og fleire som var på «prøvespel» for Fitjar i kveldens kamp.

Viss hovudtrenar Martin Nysæther lykkast med «operasjon overtalelse» og desse blir klare for Fitjar, kan me sjå haustsesongen lyst i møte.

Fitjar sitt lag:
Jøran Aleksandersen, Jonas Aleksandersen, Leif Tore Aarland, Helge Træet, Svein Arne Raunholm, Jone Nysæther, Mika Rinne, Eirik Træet, Sondre Fitjar, Heine Nysæther Storevik og Marius Storebø. Innbytarar: Øyvind Fluge Rydland, Brian Midttun, Birk Vestvik, Arild Fitjar Waage, Joakim Malkenes, Sander Vik og Kristian G. Nøstvåg.

Mål:
1-0 (22.), 1–1 Jonas Aleksandersen (straffe, 22.), 2–1 (47.), 2–2 Eirik Træet (73.), 3–2 Marius Storebø (77.), 3–3 (86.).

Dommar:
Åge Eide, Halsnøy IL

Så kjekt er det å scora! Marius Helland Storebø blir gratulert med 3–2-målet av Kristian Nøstvåg. Foto: Kjetil Rydland.