Marius H. Storebø har kome godt i gang med sesongen, med eitt mål, eitt straffespark og ei målgivande pasning. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.

A-laget til Fitjar kom bra frå seriepremieren mot Austevoll tysdag kveld, og ingen hang med hovudet etter 2-3-tap borte for seriefavoritten AIK.

Austevoll IK rykte ned frå 4. divisjon, men har tenkt seg opp att så snart som råd. Og med fleire storspelarar tilbake frå «utlendighet» på Bergenshalvøya, som Kristoffer Østervold, er dei ein av favorittane i årets 5. divisjon.

Fitjar overraska med løpsvilje og angrepslyst

Fitjar stilte såleis som klare underdogs i den kalde vinden på Eidsbøen tysdag kveld, men beit uventa godt frå seg. Austevoll brukte berre seks minutt på å ta leiinga, på ei perle frå Steffen André Skår. Men Fitjar brukte knapt eit minutt etter baklengsmålet på å skaffa seg straffe. Kristian Træet finta lett ut keeper Lars Frode Grønås, og la ballen kontrollert i mål.

Heimelaget hadde dei fleste sjansane utover i første omgang, men løpsvillige Fitjar-angriparar var fleire gonger farleg frampå. Det var såleis ikkje heilt ut av inkje då Marius Storebø kunne gi Fitjar leiinga etter vel ein halvtimes spel. Han blei spela fint gjennom, og scora sikkert åleine med keeper, medan austevollingane ropa på offside.

Med litt flaks kunne Fitjar ha gått til pause med leiing, men ein uheldig Ruben Træet i Fitjar-målet sleppte eit litt for enkelt skot frå Kristoffer Østervold forbi seg. Dermed stod det 2-2 til pause, etter ein omgang der Fitjar beit svært godt frå seg.

Kjempa til krampen tok dei

Etter pause blei det tyngre og tyngre etter kvart som lufta gjekk ut av hardt kjempande Fitjar-spelarar. Derfor kom det ikkje som noka bombe at Austevoll gjekk opp til 3-2 ved dagens AIK-spelar, Christian Haugland Mikkelsen, midt i omgangen.

Og det kunne lett blitt fleire mål på heimelaget, etter skot i aluminiumsramma, men Fitjar let seg ikkje køyra over, og var farleg frampå både med kontringar og godt oppbygde angrep, heilt til siste slutt.

Fitjarspelarane kjempa til krampen tok dei. Foto: Kjetil Rydland.

Opptur trass tap

Derfor var det heller ingen fitjarbuar som hang med nebbet etter kampslutt. Møtet med Austevoll gjekk så absolutt betre enn frykta, mot ein motstandar som truleg vil kjempa om opprykk.

– Dette var ein opptur for oss, når me tenkjer på oppladinga i vinter, slo ein relativt letta Fitjar-trenar, Jan Åge Tislevoll, fast etter kampen.

Han var svært så fornøgd med innsatsen til heile laget, og uttrykte håp om at det kan bli kjekt utover våren. Og det kan det bli, om laget følgjer opp innsatsen frå dagens kamp.

Ingen av Fitjar-spelarane utmerkte seg meir enn andre i kveld, men det var kjekt å sjå veteranen Ronald Skår tilbake i nesten godt, gammalt slag. Elles må me gi litt ekstra pluss til trioen Jonas Tislevoll, Marius Storebø og Øyvind Fluge Rydland, som skapte problem for heimelaget med løpsviljen sin.

Øyvind Fluge Rydland var lett på foten og skapte stadig problem for AIK-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland.

Austevoll IK – Fitjar 3-2 (2-2)
Seriekamp 5. div. menn avd. 02
Austevoll kunstgras 2. april kl. 18.00

Mål:
1-0 Steffen André Skår (7.), 1-1 Kristian Træet (straffe 8.), 1-2 Marius Helland Storebø (34.), 2-2 Kristoffer Østervold (38.), 3-2 Christian Haugland Mikkelsen (68.)

Gult kort for Fitjar:
Marius Storebø

Dommar: 
Thomas Gjesdal, IL Løv-Ham

Fitjar sitt lag mot Austevoll:
Ruben Træet, Øystein Fitjar Waage, Ronald Skår, Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fluge Rydland, Leif Tore Nesbø Aarland (Ronny René Bjellebø 78.), Svein Arne Jordan Raunholm, Kristian Træet (Nabil Amir Makawi Zeynalabedien 72.), Marius Helland Storebø og Jonas Yang Tislevoll.

Fitjarskarven hang ikkje med nebbet etter kampen. Foto: Kjetil Rydland

,