A-laget til Fitjar spela ein god treningskamp laurdag ettermiddag, sjølv om dei tapte 0-2 for Austevoll.

Opprykksfavorittane i 3. divisjon stilte ikkje med sitt aller sterkaste skyts i dagens treningskamp mot Fitjar. Men mange av dei unge og fremadstormande AIK-spelarane har røynsle både frå 2. og  3. divisjon. Så det var venta at Fitjar skulle få kjørt seg kraftig i den kalde nordavinden på Austevoll Kunstgras i ettermiddag.

Spesielt med tanke på den stusselege kampen mot Halsnøy for eit par dagar sidan kunne dette gå rett ille. Men det var ingen som kunne sjå divisjonsforskjellen i dagens treningskamp. Fitjar kom godt i gang, og allereie etter 4-5 minutt kom den første målsjansen, eit flott langskot frå Thomas Vestbøstad Waage strauk AIK-vinkelen. Utover i omgangen fekk me sjå feite tilbod for Fitjar, spesielt for Mats Brakedal og nemnde Thomas V. Waage. Fleire av sjansane kom etter fine pasningar frå Øyvind Fykse Lie. Også Austevoll kom til sjansar i første omgang, men Fitjar hadde dei fleste og beste, så det var med eit visst vonbrot Fitjar gjekk til pause med 0-0. Etter at dei hadde spelt den beste omgangen så langt i år. Dei heldt tempoet oppe og me såg fine kombinasjonar, fine målsjansar og tett og godt duellspel.

Andre omgang starta med at Austevoll IK fekk eit litt billig mål. Den kjappe AIK-angriparen Tord H. Skår blei spela fint gjennom, og kunne heada i ein fin boge over Fitjar-keeper Oddgeir Træet på halvdistanse. Men den som hadde trudd at Fitjar skulle detta saman av litt motgang, tok feil. Dei kom snart over sjokket, og fekk fleire fine målsjansar i ein ganske jamn omgang. Spesielt var Jan Åge Tislevoll nær då han kom ålene gjennom og skaut ballen i nettveggen. Ufatteleg for Jan Åge sjølv og for alle andre som kunne sjå og høyra. Sjølv om Fitjar hadde brorparten av sjansane, var det heimelaget som fekk gleda av å avslutta kampen med scoring. Den kom etter eit unødvendig, men korrekt idømt frispark for felling på 16-meteren til Fitjar. Og frisparket sette ein av dagens beste spelarar, Tord H. Skår, pent i mål. Rett nok fekk han litt hjelp av ein Fitjar-mur som hoppa opp og til side, og av ikkje heilt overbevisande keeperspel.

Med 2-0 til heimelaget ebba kampen ut, ein velspelt kamp i bra tempo. Fitjar bør ha all grunn til å vera førnøgde med dagens innsats, noko både trenar Kjell Træet og hjelpetrenar Trond Henriksen gav klart uttrykk for. Det var viktig å få inn litt meir optimisme og sjølvtillit etter den labre kampen mot Halsnøy. I så måte var dagens treningskamp ei viktig positiv oppleving inn mot seriestarten.

Fitjar stilte med dette laget:
Oddgeir Træet (Vidar Vestbøstad 18 min.), Leif André Tangen (10 min.), Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Bernt-Ove Maraas, Kjell Træet (Torbjørn Korsvik 65 min.), Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Mats Brakedal (Geir Steffen Tranøy 50 min.), Jan Åge Tislevoll (Kåre Skram 14 min.) og Thomas V. Waage.