Fitjarøyane. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Utover våren 2021 startar Haugaland Kraft Nett arbeidet med å skifta ut farvatnskilt i Fitjar-området.

Farvatnsskilt er informasjonsskilt for sjøfarande, som gir informasjon om seglingshøgde under straumførande linjer og ankringsforbod der det går sjøkablar.

– Noverande skilt er utdaterte og må difor skiftast ut, då dei ikkje er i tråd med gjeldande forskrift, fortel Gunn Evy Auestad, kommunikasjonsrådgjevar i Haugaland Kraft.

Ifølgje «Forskrift om Farvannsskilt og Navigasjonsinnretninger» skal alle slike skilt av gammal type skiftast ut innan utgangen av 2022.

Dei nye skilta vil i hovudsak bli plasserte på same staden som dei gamle. Hovudforskjellen ligg i den visuelle utforminga av skilta. Dei nye skilta blir enklare å få auge på, og formidlar informasjonen på ein tydelegare måte, fortel Auestad.

Storleiken på dei nye skilta vil variera noko, men vil i dei fleste tilfelle vera 1000 mm x 1000 mm.