Overskot vart det ikkje i år heller, men rekneskapen for 2009 syner likevel ei positivt betring i resultatet for Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

-Me har i 2009 fått eit resultat på kr 308.000,- i minus (må då ta høgde for at me har ein avskriving på bygning og utstyr på nesten kr 400.000). Forbetringa i resultatet frå 2008 er på nesten kr 350.000,-, opplyser Agnar Aarskog til fitjarposten.no

Frå 01.03.09 var Ole Bergesen tilsett i 50 % stilling, og frå nyttår 2010 vart han tilsett i 75 % stilling.  Dette med å ha ein mann dedikert FKIB AS er nok ei av årsakene til forbetringa. 

-Men me har framleis høg gjeld og er sårbare for renteheving.  Derfor prioriterer me å få ned gjelda, fortel Aarskog vidare, og seier at Fitjar kommune har betalt ned 250.000 i 2009 og har lova det samme i 2010.