Laurdag 1. februar er det klart for UKM for Bømlo, Tysnes, Stord og Fitjar. No oppfordrar kultursjef Bente Bjelland fitjarbuar til å melde seg på.

Fitjarungdommar har fleire gonger tidlegare hevda seg godt i Ungdommens Kulturmønstring. Men i år er det så langt dårleg med påmeldingar frå Fitjar.

Kultursjefen ser gjerne at fleire vil vere med og skriv:

– Det er fortsatt mogeleg å melde seg på som deltakar på arrangementet. Ein kan delta med nær sagt kva som helst, til dømes song, dans, teater, litteratur, akrobatikk, film, kunst osb.

Du kan melde deg på til Bente ved å ringja eller sende sms til: 476 86 208 eller på ukm.no.

Påmeldingsfrist er 19. januar.