Fleire tiltak er sett i verk for å følgja opp pårørande og vener etter dødsulykka ved Årskog på Fitjar tidlegare i dag.

Lensmann Svein Lunde i Fitjar opplyser til fitjarposten.no at Rv 545 vil bli stengt ved åsstaden frå kl. 16.00 og nokre minutt framover. Dette for at pårørande og vener skal få ha ei lita minnemarkering på plassen der ulykka skjedde.

Etter denne korte markeringa vil det vera ope i Fitjar kyrkje utover kvelden for dei som vil tenna lys, eller vera i stilla der.

Parallelt med dette vil Cafe Annemor, som har stengt for vanleg kafedrift i dag på grunn av ulykka, halde ope hus for ungdommar, og andre som har behov for det, til å vera i lag og snakka saman om det som har skjedd. -Dei vil òg få mat, opplyser Jorunn Torland ved kafeen.

Det vart tidlegare i dag oppretta kriseteam på Havnahuset. Dei vil truleg forflytta seg til kyrkja etter markeringa i Årskog.

-Alle som treng krisehjelp skal få det. Så om ein ikkje treff på teamet på dei overnemnde plassane, kan dei ringja underteikna på mobil 971 59 009, oppmoder lensmann Svein Lunde, til slutt.