Fitjar Teaterlag er i høgste grad oppe og går. -Denne månaden skal dei mellom anna vere med på to store arrangement i Trøndelag.

-Til helga reiser gruppa, med Henning Wichmann, Geir Bjarte Hatlevik, Ole Bergesen og innleigd gjesteartist Anne Marith Sandhåland til Steinkjer der det er Revygalla og der Nokas saken og Fitjarbuen skal visast . Rundt 1000 tilskodarar vil få med seg denne tradisjonsrike gallaen der dei fleste finalenummera frå årets Revyfestival frå Høylandet er representert.

Siste helga i november er det sjølvaste Olavshallen som står på programmet der heile finalen frå Høylandet blir sett opp, og det blir fire framsyningar og nærmare 5000 tilskodarar ! Det vert to førestillingar laurdag 28. nov og to søndag 29 nov. Det høyrer også med til historia at Fitjar Teaterlag er den einaste gruppa som var i finalen med to innslag !

-Spre gjerne nyheteita om de har folk i Trondheim som vil få med seg storhendinga, seier Ole Bergsen til fitjarposten.no

Bergesen kan elles fortelja at Barne og Ungdomsgruppa er etablert og 35 ungdommer er per i dag påmelde. -Veldig positivt, så her køyrer vi på med øvingar utover vinteren !, legg han entusiastisk til.

Neste år er eit hektisk år ,,for Teaterlaget. I tillegg til Barne- og ungdomsgruppa si oppsetting av ”Trøbbel i Tårnet”, skal òg den tradisjonsrike 17. mai revy-en på plass ! Her er det premiere laurdag 15 mai med fest  etterpå. Det vert òg 2 framsyninger 17. mai. Billettar blir lagt ut for sal i mars.

-Ein god gammeldags lokalrevy med historiske tilbakeblikk. Da e jo 150 års jubileum…!, reklamerer Ole.

Han nemner òg Revyfestivalen ” Berre Galskap” i september som Fitjar teaterlag arrangerer for 5. gong ! —

-Vestlandets største revyfestival ! Fitjar er etablert som revyhovudstaden i Hordaland og «denne statusen står ikkje i fare etter dette råkøyret som me står øvefor framover !», heiter det til slutt.