Fitjar kommunestyre vedtok i dag samrøystes å oppgradere Fitjar rådhus.

Dei siste åra har oppgradering av rådhuset vore tema mange gonger. Det er utfordringar i samband ned branntryggleik, og bygget oppfyller ikkje krava til ”universell utforming”, der det skal leggjast til rette for rørslehemma.

Styret for huset har fått utarbeidd planar, og kommunestyret gjorde i dag vedtak om å setja i gang prosjektet innan ei kostnadsramme på 6,35 mill. Dette er basert på innkomne tilbod. Oppstart vert i 2013.

Uteareala skal tilpassast inngangspartia, slik at alle trappetrinn og rampar vert fjerna. Det vert montert nye inngangsdørar. Inne er den største endringa at det vert montert heis. Den skal starta ved kundetorget i 1. etasje og ha topp-punkt i det som no er forkontoret til ordførar og rådmann. Montering av heis går ut over kontorplassen, og det må gjerast tilpassingar i alle etasjane. Samtidig vert det gjort eit stort brannsikringarbeid i bygningen, og mange kontor vert endra.

Wenche Tislevoll, Toralf Røen og Lars Ove Rimmereid vart kjende ugilde i saka. I debatten gav Arne Prestbø uttrykk for den store semja det er politisk om saka: Det er viktig at heis, brannsikring og tilgjenge til etasjane vert ordna. Kommunestyresalen i tredje etasje skal vera tilgjengeleg.

No kan alle rørslehemma søkja jobb i kommunen. Bente Karin Isdahl sit i Råd for funksjonshemma. Ho la vekt på kor viktig det er å leggja til rette for rørslehemma i kommunen sitt administrasjonsbygg.