Med kløyving av ei sabba fitjarpotet opna festivalsjef Sigurd Andre Maraas og ordførar Wenche Tislevoll Fitjarfestivalen.

 Matteltet var åstaden og festivalpublikummet rann sakte, men sikkert inn teltopninga. – På ein festival skal det vera tett og varmt, lokka festivalsjefen, for at flest mogleg skulle få med seg den høgtidlege opninga.

Det var stolte representantar både frå det offentlege FItjar, ved ordførar Wenche Tislevoll, og Fitjarfestivalen, med formann Sigurd Andrè Maraas, som opna festivalen fredag ettermiddag. Ordføraren trekte fram den langvarige innsatsen arrangøren har lagt ned, og kor viktig eit slikt arrangement er for bygda,

– Det gir ei samkjensle og identitet, og noko å vera stolt over. Det skapar liv og røre, og viser at det skjer noko på Fitjar. Men det gjer seg ikkje sjølv, og eg vil rosa styret som sidan februar har brukt kvar tysdag til å planleggja, la ho til. Ho nytta høvet til å rosa alle dei rundt 400 eldsjelene som har jobba dugnad for å få festivalen til å bli det den er.

Festivalsjef Sigurd Andre Maraas nytta også høvet til å skryta av heile organisasjonen som han er ein gallionsfigur for.

Årets festival satsar i år på å løfta fram lokale matvarer.

 

Ingressbilete: Ordførar Wenche Tislevoll var skeptisk til å trekkja kniv mot festivalsjef Sigurd Andre Maraas under opninga, men ho klarte å kutta poteta i to, og med det opna ho festivalen.

acheter anabolisant