Eirik Fitjar og Asbjørn Raunholm, treffsikre skyttarar som snart kan treffast på skytebanen igjen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Skytebanen i Årskog blir opna for bruk med ekstra smitteverntiltak frå måndag 13. april. melder krisevernleiinga i Fitjar kommune.

Fitjar skyttarlag sin skytebane vert opna for trening for grupper på inntil fem personar måndag 13. april. Banen er vil framleis vera stengd for konkurransar og stemne. 

Dei som skal bruka skytebanen, må følgja dei nasjonale retningslinjene for smittevern og det som Det Frivillige Skyttervesenet har bestemt i tillegg. 

For nærare informasjon om bruk av skytebanen kan ein kontakta leiaren i Fitjar Skyttarlag, Tore Sigurd Fitjar (Tya) på tlf.  952 77 201.

Meir informasjon om smitteverntiltak som skal brukast på skytebanen, finn du på heimesida til Det Frivillige Skyttervesenet.

Tore Sigurd Fitjar og Fitjar Skyttarlag ser fram til å opna skytebanen igjen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.