Malvin Aarskog er mest ein institusjon i Fitjar når det gjeld blomar. No let han stafettpinnen gå vidare til Lise Katrine Grimen som startar opp ny butikk hos Varehuset Larsen ved Spar i byrjinga av september.

Lise Katrine overtek òg blomsterbua på Tinghusplassen.

– Ho er ypparleg i sommarmanadene, men vil ikkje vere open når hausten set inn, seier ho. 

Den nye butikken får namnet Galleri Flora AS og er medlem i Interflora. Det gjer at den nye butikken alltid kan ha friske og ferske blomster, og Lise Katrine fortel til fitjarposten.no at ho vil stå for heile sortimentet som Malvin hadde. Spesialiteten hennar er likevel dekorasjonar. Ikkje så rart det sidan ho har fagbrev som blomsterdekoratør.

Opningsdagen vert torsdag 5. september.