Slik kan eit utvalsmøte over internett sjå ut. Arkvifoto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune opnar opp for publikum under dei politiske fjernmøta.

I midten av mars meldte Fitjar kommune at alle politiske møter vart utsatt, men at hastevedtak kunne gjerast via fjernmøte, som over telefon eller internett.

Formannskapet nytta seg av Kommunal- og moderniseringsdepartementet si hastevdtak-forskrift i mars, men møtet vart ikkje opna for andre enn lokalmedia.

Formannskapet gjorde hastevedtak i mars over internett. Foto: Bente Fitjar/Fitjar kommune

Etter kvart byrja dei politiske møta å gå som «normalt». Kommunen meldte då at fjernmøta berre vart opne for media, men i dag kom kontrabeskjed om framtidige møter.

– Møte i utval for plan- og miljø den 21. april kl. 13.00 , og Fitjar formannskap den 22. april kl. 13.00 er ope for publikum via Teams, skriv kommunen på sin heimesider.

Påloggingslenkje finn ein på kommunen sine heimesider.

– Møtesekretær vil vera tilgjengeleg og sleppa inn gjester 15 minuttar før møtet startar