Stas å opna dørene på biblioteket att, tykkjer Silje Vågen Torbjørnsen. Foto: Ingrid Hovstad

Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen kunne smila frå øyra til øyra i dag når ho fekk opna biblioteket att etter nesten 2 månadar med stengte dører.

– Ja, dette har eg gledd meg til. Sjølv om me no opnar med eit avgrensa tilbod er det kjekt å kunna tilby folk å koma inn og kikka i hyllene att, fortel biblioteksjef Silje Vågen.

Ho fortel at dei no opnar med redusert opningstid, og under streng smittevernreglar.

– Ja me har redusert opningstidene slik at me har ope når me har ope. Då vil eg betena folk, rydding og andre oppgåver tek eg medan dørene er stengt. Meirope bibliotek vil fortsatt vera stengt.

Biblioteket vil vere ope mandagar og onsdagar frå 12-15, tysdagar frå 15-18 og torsdagar frå 12-18.

Populært med take-away

Fitjar folkebibliotek lanserte i april ei ordning der folk kunne bestilla bøker dei ville låna og henta dei i foajeen. Vågen Torbjørnsen fortel at mange Fitjarfolk nytta seg av dette tilbodet.

– Mange av dei mest trufaste lånarane våre var innom å henta seg bøker dei hadde bestilt. Det var kjekt å ha eit slikt alternativt tilbod, men det er endå kjekkare å kunna opna dørene att. Det er viktig å gje folk eit tilbod no når mange av dei vanlege tilboda ligg nede.

Vågen Torbjørnsen trur folk har sakna å kikka i hyllene sjølv.

– No vert det lov å kikka sjølv ja, men me oppmodar sjølvsagt til at ein ikkje tek på bøker ein ikkje skal låna. Ein må bruka handsprit før ein kjem inn, og me slepp berre friske folk inn, fortel biblioteksjefen.

Biblioteket har ogso innført ei maksgrense på 5 personar inne på biblioteket samtidig, og ein får 15 minutt på seg til å låna det ein vil.

Reglar og avstandsskilt var på plass. Foto: Ingrid Hovstad

Ser framover

Biblioteksjefen fortel at ho har opna for innlevering av bøker att, men at dei vert handtert forsiktig.

– Innleverte bøker skal i karantene i nokre dagar før dei kan bli lånt ut på nytt. So kjekt om folk leverer inn att bøkene dei har lese so fleire kan få låna dei, fortel Vågen Torbjørnsen.

Ho kan ogso melda om at transporten mellom biblioteka er oppe og går att, og at ho dermed kan bestilla bøker frå andre bibliotek om ho ikkje har boka inne.

Vågen Torbjørnsen fortel at dei følgjer nøye med på dei nasjonale retningslinjene, men håpar at dei slepp stenga biblioteket ned att.

– Me er eit av få bibliotek som opnar opp allereie, men me er sjølvsagt førebudd på at situasjonen kan endra seg. Ein ser at samfunnet opnar gradvis, og eg håpar det fortset. Eg saknar å ha arrangement, og håpar eg snart får lov til å invitera Fitjarbuen inn til noko spennande, avsluttar den blide bibliotekaren.

Les ogso: Strøym film heilt lovleg!