Bilete for illustrasjon. Foto: Årskog barnehage.

Regjeringa lanserte i dag 7 framlegg til gradvis oppheving av smitteverntiltaka ein har innført for å slå ned koronasmitten.

Statsminister Erna Solberg opna dagens pressekonferanse med å takka folket for tolmoda dei har vist.

– Me har opplevd at alle vil vera med på dugnaden! Tusen takk til alle som har vore med på å slå ned smitten, sa Solberg.

Ho meinar me kan vera forsiktig optimistiske, men samtidig bør me vera førebudd på at tiltaka må strammast inn att om ein ser smitten aukar att.

– Me ser at smittekurven har flata ut, og saman har me nådd målet om at smitta berre smittar vidare 0,7 personar. Men me må ikkje tru at me kan lena oss tilbake, og venda tilbake til ein normal kvardag med ein gong.

Opnar barnehagar att først

Solberg kom i dag med fleire hovudpunkt for gradvis oppheving av smitteverntiltaka. Ho fortalde at landets barnehagar opnar først, og vil opna den 20. april.

– 27. april opnar me skular med SFO for 1.-4.trinn. Samtidig opnar vidaregåande skular for elevar som skal ut i lære neste år.

Ogso universitet vert opna igjen for studentar på slutten av studiet som må vera på universitet for å fullføra graden sin.

Høg arbeidsløysa

– Me veit at næringslivet vert hardt ramma av koronapandemien. Ved inngangen til påske var 400.000 nordmenn utan jobb, dei fleste grunna permittering, sa Solberg.

Ho fortalde at det skal lagast ein bransjestandard for smittevern slik at helsefaglige verksemder utanfor spesialisthelsetenesta, som til dømes psykologar, og fysioterapeutar kan opna att frå 20. april.

– Tilsvarande standard vil koma for verksemder med ein-til-ein kontakt, som frisørar. Dei vil då kunne opna frå 27. april.

Solberg vil ogso oppheva hytteforbodet frå 20. april. Medan forbodet for kultur- og idrettsarrangement, som ikkje kan halde seg til kravet om 2 meters avstand, vil gjelda fram til 15. juni.