Fitjar tapte det kalde naboppgjeret mot Trott på kunsten i kveld med 1-2.

Sigeren til Trott var fortent, sjølv om kampen kunne ha vippa begge vegar. Etter knapt eit kvarters spel gjekk Trott opp til 1-0 ved Pål Gundegjerde. Han fekk svært så fritt spelerom etter ein fatal markeringssvikt i Fitjar-forsvaret.

Etter fem  minutt av andre omgang la same mann på til 2-0, etter å ha blitt spelt fin gjennom av Sturla Aakre. Denne gongen kvitterte Fittjar rett etter avspark. Goff Artsamai brukte farten sin, plukka ballen frå Trott-forsvaret og sette han fint i mål frå kort hald.

Fleire scoringar blei det ikkje i kampen, sjølv om begge lag hadde sine tilbod. Det største hadde Trott i sluttminutta, då Emil Fitjar redda på streken.

Den som såg etter divisjonsforskjell mellom Trott og det nyopprykte heimelaget, speida forgjeves. Fitjar var ikkje tøffe nok i duellane, og serverte altfor mange feilpasningar til aggressive Trott-spelarar. Om Fitjar skal hevda seg i årets 4. divisjon, må nok intensiteten opp, og så er det å vona at Thomas V. Waage etter kvart skjerpar scoringsteften.

Men kveldens målscorar for heimelaget, Goff Artsamai, var eit positivt gjensyn, og meir positivt kan det bli når han oppdagar at han har fart til å springa frå det meste som rører seg på fotballbanar i distriktet vårt.

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Bernt-Ove Maraas, Nils Ingard Tislevoll, Martin Vestbøstad, Emil Fitjar, Øyvind Fykse Lie, Helge Træet, Henrik R. Kjelling, Badi Hurashi, Jan Åge Tislevoll, Thomas V. Waage. Innbytarar: Goff Artsamai, Aleksander Henriksen, Torbjørn Korsvik, Sebastian T. Thomassen.