Den norske meisteren vår i crosskart, Ingve André Strand, blei nummer tre då årets første NM-runde gjekk av stabelen i Skien i dag.

Dermed har crosskartmeisteren frå Fitjar fått ei betre sesongopning enn nokon gong. I fjor opna han som kjent med ein skuffande 7.-plass og var nærmast slegen ut av samandraget. Men han reiste seg som ein fugl Føniks or oska på slutten av sesongen og vann den første offisielle NM-tittelen sin i crosskart 650 ccm.

Etter ein heatsiger og to andreplassar i innleiande rundar blei det tredje startspor i dagens A-finale. Her lét Ingve seg berre slå av Marius Vardeberg og Daniel Sundsten.

– Det var deilig med ein god start for ein gongs skuld, seier ein fornøgd norgesmeister til Fitjarposten.

Den uoffisielle resultatlista finn du på heimesida til NMK Grenland.

Her ser me at Aleksander Bjørnastad vann klassen 250 ccm. Anders Halleråker Strand kom seg til A-finalen, der det blei 7. plass. Dette må seiast å vera ei fin sesongopning for guten til norgesmeisteren vår.

– Litt rattrust, men heilt greitt, seier Anders på ei litt dårleg telefonlinje frå Haukeli.

Neste stopp for crosskartteamet er Höljes i Vårmland, Sverige, fortel ein nøgd tilretteleggjar, Sigurd André Maraas. Der planlegg dei å feira pinse med SM-runde og første runde i årets NEZ cup (North European Championship). Programmet for crosskartsesongen finn du her.

 


På plass i depotet i Skien, f.v. Anders Halleråker Strand, Ingve André Strand og klubbkollega i NMK Vikedal, Bjørn Cato Aarekol, som stiller i den minste klassen, på 85 ccm. Foto: Sigurd A. Maraas.

Ingressbilete: Sigerspallen i Skien, f.v. andremann Daniel Sundsten, vinnaren Marius Vardeberg og Ingve André Strand. Foto: Sigurd André Maraas.