Ordførar Wenche Tislevoll opna Fitjarfestivalen i ettermiddag med ein god bete av den spesiallaga Fitjarpølsa.

Det var tjukt med folk i matteltet då ordførar i Fitjar Wenche Tislevoll opna den tredje Fitjarfestivalen klokka seks i dag. Det var trongt, men god stemning og god søa rundt borda og det måtte settast fram ekstra benkar både inne i teltet og utanfor teltet for å få plass til alle som ville ha med seg opninga.

«Me menneske treng meir enn jobb, og alt dette andre får me her på Fitjarfestivalen, takka vera ein stor dugnadsinnsats frå svært mange. Dette syner at bygda lever, » sa ordføraren og delte ut blomar til festivalsjef Harald Rydland og Gunn Evy Henriksen som har sete i festivalkomiteen alle tre åra, før ho presenterte Fitjarpølsa. Fitjarpølsa er eit lokalt produkt laga av gris frå Sæterbø og okse frå Torland, smaksatt med mellom anna ramslauk frå Osterneset. Ordføraren æra alle som har stått på for å få produsert pølsa, inkludert pølsemeister Martin Nysæther, før ho opna festivalen på tom mage med ein stor jafs av festivalpølsa og orda «Eg ynskjer dåke alle ein minnerik og smaksfull festival!»