Den «skjulte» operasongaren, islendingen Rùnar Thor Gudmundsson som arbeider på bygget ved sida av T. Træet i Fitjar sentrum, kjem truleg på Vestlandsrevyen klokka 18.40 i morgon.

I alle fall var NRK ved Aleksander Vallestad på plass i føremiddag og lagde ei sak med islendingen som igjen lot den vakre røysta si lyde utover Fitjarbygda, høgt oppe frå stillaset til nybygget.

– Dette var berre kjempegøy, og Fitjar er verdas flottaste plass, seier Gudmundsson humørfylt til Fitjarposten.

No gjeld det berre at han får spørsmål om å vera med på julekonserten 12. desember. Me trur nok at han vil svare ja om han vert spurd.