Det er kanskje fleire enn oss som har høyrt vakker song når dei har passert bankbygget i sentrum dei siste dagane. Bak den flotte songen skjuler det seg ein velutdanna operasongar.

Den vakre stemma som ikkje minst har late «O sole mio» lyde ut over Fitjarbygda, tilhøyrer islendingen Rùnar Thor Gudmundsson. Han har songutdanning frå både Island og Italia og har levd av songen heilt til det økonomiske krakket ramma Island i vår.

– Det førte til at eg måtte ta opp igjen yrket eg tidlegare hadde som tømrar, fortel han.

No om dagen jobbar han, saman med to andre islendingar, med oppsetjinga av «Håkonar Terrasse» tvers over gata for Sparebanken Vest og ved sida av T. Træet.

– Me skal gjera ferdig det ytre, så ber det til Sagvåg for nye oppdrag der, fortel han. Men 19. desember må eg vera tilbake til Island. Då skal eg halda konsert der. For eit og anna oppdrag vert det. For 14 dagar sidan var eg i Manhattan i New York, der eg framførte «E lucevan le Stelle» av Puccini.

Det store førebiletet til Gudmundsson er definitivt Luciano Pavarotti, og utanom det overnemnde verket er ikkje uventa «O sole mio» mellom favorittmelodiane hans. – Eg er jo tenor veit du, smiler han.

Ønskjer du å høyra korleis islendingen song i Manhattan, kan du klikka deg inn på YouTube.com.