– På årsmøtet i Fitjar fjellsameige den 26. mars vart det gjort vedtak som legg til rette for at vegen frå Rimbareidfeltet til Olstjødno vert offentleg og open for allmenn ferdsel, heiter det i ei pressemelding frå styreleiar Harald Rydland. Bilete: Dyrking på Blekje

I pressemeldinga kan me elles lese at det er  inngått avtale mellom grunneigarane på Rimbareid, Midtfjellet Vindkraft AS, Fitjar kommune og Fitjar fjellsameige.  

-Avtalen inneber melllom anna at fjellsameiga skal gå inn i eit spleiselag for asfaltering av vegen med inntil kr. 500.000,-. Det er enno eit par formalitetar som offentlege styresmakter må få på plass, men det er ikkje noko som tyder på at det skal stoppa saka, heiter det vidare.

Auka dyrking
Årsmøtet slutta seg og til styret sitt framlegg om å halda fram dyrkingsprosjektet på Blekje. Det vert opna for å dyrka inntil 50 da. under føresetnad at delar av dyrkingskostnaden vert dekka med tilskot frå Innovasjon Norge.

Val
Under valet vart Harald Rydland attvald som styreleiar. Styremedlemer er Helga Rimmereid, Reidar Kloster, Sverre Sæterbø og Johannes Nesse.