Fitjar kyrkje vil i sommarferien vera open for besøk dei dagane det er folk på arbeid i kyrkja og på kyrkjegarden.

Først og fremst vil me ynskje alle velkommen til å vera med på gudstenestene, som vert halden i kyrkja kvar sundag kl. 11.00 heile sommaren.

I sommarferien vil me i tillegg prøva å halda kyrkja open på dagtid i vekene. Me veit at mange forbifarande turistar og folk som er på ferie likar å ta ein snartur innom i kyrkja for å ha ei stille stund, for å minnast høgtidsstunder dei har vore med på, eller kanskje for å dyrka interessa for kyrkjehistorie.

Det vert ikkje faste opningstider eller organisert guiding utan særskilt avtale. Dei som steller kyrkja og kyrkjegarden i sommar har arbeidstid frå kl. 08.00 – 15.30 måndag til fredag. Dei vil henga opp skilt med «OPEN KYRKJE» ved inngangsporten når kyrkja er open.

Som kyrkjeverje håpar eg at mange vil komma innom og sjå den fine kyrkja og kyrkjegarden me har i Fitjar.

For meir informasjon kan de ta kontakt med underteikna.

Venleg helsing

Harald Rydland
Kyrkjeverje i Fitjar
Tlf. 913 47 802