Førstkomande søndag blir idrettshallen open for barnefamiliar frå klokka 12 til 15.

Søndag blir idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg opna for aktivitet som folk organiserer sjølve. Alle barn og ungdommar som har foreldre eller andre vaksne med seg, er velkomne. Vakter i hallen vil vera med og leggja til rette for aktivitetar, men i hovudsak må folk organisera leik og andre aktivitetar sjølve.

Open hall er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar kommune, Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar Idrettslag. Hordaland fylkeskommune oppmodar til å nytta idretthallane når dei er ledige, og har gitt økonomisk støtte til tiltaket i Fitjar. Initiativtakarane ønskjer å leggja til rette for at barn og unge får driva med fysisk aktivitet på eigne premissar, saman med slekt og vener.

Det vil bli open hall to gonger til før jul.

Spørsmål kan rettast til Ole Bergesen på Fitjar kultur- og idrettsbygg, eller folkehelsekoordinator Kari Raunholm, tlf. 90 58 55 86.