Idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg blir open tysdag og onsdag denne veka.

Vinterferie og dårleg vêr er kanskje ein dårleg kombinasjon, men Fitjar Idrettslag og folkehelsekoordinatoren i Fitjar veit råd.

Tiltaket «Open hall» er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar kommune, Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar Idrettslag. Det blei ein stor suksess før jul, ungar og vaksne fylte idrettshallen tre søndagar i fjor haust.

Derfor er arrangørane godt nøgde med prosjektet, og opnar idrettshallen igjen tysdag og onsdag kl. 11.30 – 14.30.

Opplegget blir som tidlegare. Tilbodet er for barn i alle aldrar, saman med foreldre eller andre vaksne.